Publisert: 30.10.09
42 Hanemedlemmer fordelt på 10 fylke har nettopp gjennomført ein vellukka tur til Irland. Irske Heather Broomfield, som til dagleg arbeider i Innovasjon Noreg i Sogn og Fjordane, hadde sydd saman ein spennande tur ved å nytta sitt gamle nettverk i den tida ho arbeidd i Irland. Møte med den grøne øya, inspirasjon og ny giv til alle saman.
Av Roar Werner Vangsnes.
Bygdeturismen ein viktig og integrert del av reiselivet
Irland puttar inn 3 gonger så mykje midlar til reiselivet som Noreg. Det har vore og vil vera ein viktig del av økonomien i landet. Dei satsar også på det, og er svært avhengig av gode flyruter til og frå øya. Finanskrisa råka Irland hard, men etter ein nedtur siste året, har dei trua på at dei vil koma oppatt. Irland har ingen bransjeorganisasjonen som er lik Hanen, men dei har fleire ulike nettverk som formidlar overnatting og aktivitetar. Samstundes har dei sterke regionale nettverk (større destinasjonar) som tek seg av marknadsføringa i dei ulike områda.
Møte med folket….
Det irske Turistrådet la stor vekt på å formidle dei 3 verdiane i si marknadsføring. Moro, spontanitet og engasjement. Irland er eit folkeferd som ein kjem lett i kontakt med både på dagtid og ikkje minst kveldstid. Publivet er viktig del av den irske folkesjela, og våre vertskap hadde kvar kveld funne fram til spennande pub’ar og restaurantar med levande musikk, song og dans. Historia til Irland er både brutal og tøff, og det var ei oppleving for gruppa å høyra på vår bussjåfør som tok oss med på ei historisk vandring frå steinalderen og fram til Irland vart eit fritt land i 1921, og vidare fram til i dag.
Natur og kulturlandskap i skjønn foreining
Irland er eit typisk jordbruksland. Ikkje flatt som England, men den siste istida har danna eit mjuk bylgjande landskap som mange stader er fylt med storfe og småfe. Vi var heldig å få oppleve den sørvestlege delen, med kysten og den meir dramatiske delen som m.a. turistattraksjonen Cliffs of Moher på kysten, og profesjonell guiding i nasjonalparken The Burren.
Irland vil nok for mange vera ein land som ein ynskjer seg attende til. Ikkje minst etter turen med HANEN 2009.

Foto: Roar Werner Vangsnes