Vellukka sal- og kundeservicekurs i Møre og Romsdal

Publisert: 05.10.07

3. og 4. oktober gjennomførte Norsk Bygdeturisme og gardsmat i Møre og Romsdal kurs i innan sal- og kundeservice på Skarstua utanfor Molde. 10 deltakarar var samla på kurset frå Frøya på Trøndelagskysten i nord til Sunnmøre i sør.

Målet på kurset er å gi kunnskap og inspirasjon til å vera meir bevisst på salet når bedrifta skal ut å selja seg. Nok ein gang eit kurs med gode tilbakemeldingar og det er gledeleg.

Hans Egil Gjerde, som er kursleiar, var også godt fornøgd, og ikkje minst med det engasjementet som deltakarane viste. Det betyr at vi treff deltakarane på heimebane og kan få til god trening på ulike salssituasjonar. Dei to neste kursa skal vera i Rogaland den 10. og 11. oktober og i Trøndelag den 12. og 13. oktober. Begge desse kursa er fullteikna med rundt 20 deltakarar på kvart kurs. I november er det og to kurs: 5. og 6. november i Hedmark (Rondetunet, Sollia i Østerdalen) og 12. og 13. november i Hordaland (Voss Vandrarheim).

Bildet: Kursleiaren Hans Egil Gjerde (ståande) og hans disiplar er klare til innsats på Skarstua. Fv. Kirsti Reset Mjelve – Skaret Handverk,  Othild Tjugen – Derinngarden, Per Arne Engen, Inger Knudsen Øyen – Den Muntre Matros, Lars og Reidun Rødset – Rødsetgarden, Åshild Melkeraaen – Møre og Romsdal fylke, Ann Bolli Halås –  Halås Gårdsutsalg,  Else-Karin Lianes – ”Mat under Lauparen” , Therese Brandsøy – Davik Gård .  (Foto: Roar Werner Vangsnes)

Salg og service- More og Romsdal-3-4-okt-2003-800.jpg 

 

 

 

Tilbake