Publisert: 23.04.10
Skrevatn er eit ca 5600 da stort næringsfattig vatn i nordenden av Fyresdal, lett tilgjengeleg. Grunneigarlaget har med hjelp frå Faun Naturforvaltning og Fyresdal fiskefond, som eg representerer, i fleire år drive eit tynningsfiske i vatnet med bruk av garn og storruse. Resultatet er analysert, og det er laga rapportar. Rapporten frå 2009 er vedlagt.
Rapporten frå 2009 finner du her!
Eit årleg uttak på ca 3 tonn synes ikkje tilstrekkeleg, og grunneigarlaget ønskjer derfor å auke innsatsen til to storruser. Fyresdal fiskefond stiller ruser til disposisjon, og grunneigarlaget har gjort avtale om tøming og sjekk av rusa.
Me vil i fyrste omgang prøve å få til eit triårig prosjekt, og eg stiller derfor spørsmål om det vil vera mogleg å søke Hanen om ein del av finansieringa.
Det er få erfaringar med liknande prosjekt i landet. Prosjektet vil ha god overføringsverdi for andre vatn med sik som dominerande fiskeslag. Det vil også kunne heve kvaliteten til fisken i Skrevatn, som i dag er for dårleg til å vera interessant som objekt for næringsfiske. Med Aketun fisk ca 20 km i frå, bør det vera mogleg å få teke hand om fisken, så framt kvaliteten er god. Eit par reiselivsbedrifter ved vatnet og ein vidaregåande skule i same grenda vil også kunne nyte godt av betre kvalitet på fisken i Skrevatn.
Venleg helsing
Helge Kiland
Faun Naturforvaltning AS
Fyresdal Næringshage, 3870 Fyresdal
Tlf: 35067700/35067703 (direkte innval)/91632615 (mobil)
E-post: hk@fnat.no
Internett: www.fnat.no