Rogaland-konferansen: Gards- og bygdeturismens plass innan reiselivsnæringa

Publisert: 07.10.10

HANEN Rogaland arrangerer i samarbeid med Fylkesmannens Landbruksavdeling i Rogaland denne konferansen på Thon Hotel Maritim i Stavanger onsdag 27. oktober. Les mer om det spennende programmet og påmelding her! (Bildet: Styreleder Oddvar Haugland i HANEN Rogaland).

HANEN i samarbeid med fylkesmannens landbruksavdeling ønskjer velkomen til konferanse om

GARDS- OG BYGDETURISMENS PLASS INNAN REISELIVSNÆRINGA

Om identitet, stadutvikling, bevisstgjering og formidling

Korleis  leggje til rette for dei gode opplevingane?

 

Stad: Thon Hotel Maritim i Stavanger, Kongsgt 32.

Dato og tid: 27. oktober. Opning kl 10.00, registrering, kaffi og litt å bite i frå kl 09.15.

Målgruppe: Bønder og andre med interesse for bygdeturisme.

Programmet finner du her!

Påmelding innan 17. oktober

Påmelding skjer via fylkesmannens nettsted  http://www.fylkesmannen.no/fagom.aspx?m=36389&amid=3440285

Det eine hovudinnlegget på konferansen vil vere om ”Identitet, stadutvikling, bevisstgjering og formidling” ved Eli Grete Høyvik, Høgskulen Landbruk og Bygdenæringar. Ho vil blant anna fortelje om det å kartleggje og ”foredle” ressursane (skattane) på garden og i bygda di, og korleis du kan bruke dette til å formidle ditt produkt på ein spanande måte til besøkande. Høyvik vil også presentere planane for eit nytt 15 studiepoeng kompetansegjevande kurs innan same tema i regi av Høgskulen Landbruk og Bygdenæringar. Dette kurset vil truleg få namnet  ”På skattejakt i eige lokalmiljø. ” 

 

Anne-Karin Høgemark Søyland på Søya Gard, har mange års røynsle med gardsmat- og bygdeturisme, og vil fortelje korleis ho legg til rette for sine gjester for at dei skal få best mogleg opplevingar når dei er på gardsbesøk hjå fam. Søyland. Interpretasjon i praksis kallar ho det. www.soeya.no

Det andre hovudinnlegget vil vere om ”Den Gyldne Omvei”, som blir presentert av Frode Sakshaug, Øyna Parken og nestleder i styret for  ”Den gyldne Omvei”.  www.dengyldneomvei.no er ein vegstrekning som går gjennom eit vakkert kulturlandskap i Inderøy kommune i Nord-Trøndelag. Aktørane langs ruta tilbyr overnatting, mat, natur-, kunst- og kulturopplevingar, der både tradisjon og nyskaping er tatt vare på.  ”Den Gyldne Omvei” har motteke fleire priser for sitt spanande samarbeidskonsept og måten dei har marknadsført seg på. Som dei seier det sjølve: ” Det tar 12 minutter å kjøre  E6 mellom Røra og Vist. ”Den Gyldne Omvei tar  8 minutter mer…. eller en dag, en uke,  en hel sommer, eller et helt liv”.  Med dette fortel dei at nokre av dei tidlegare tilreisande langs ”Omvegen” faktisk no har busett seg i Innhered kommune! Sjå også  www.visitinnherred.com

Dernest vil vi få korte statusrapporter frå aktuelle reiselivsprosjekt her i Rogaland som ”Vindavegen” på Haugalandet, ”Næringsprosjekt Nasjonal Turistveg Ryfylkevegen”, ”HANEN - Reisruter i Rogaland", som alle har høg fokus på identitets- og stadutvikling.

 

HANEN er ein landsdekkande bransje- og marknadsorganisasjon for verksemder innan bygdeturisme,  gardsmat og innlandsfiske i Noreg og vil bli presentert på konferansen.  Ein nyleg utført  undersøking blant medlemma i Hanen viser at det har gått mykje bra for deira bedrifter i sumar. Nær 80 % svarte at sumaren 2010 var som i 2009 eller betre.  ”Landbruk og reiseliv er gode distriktsnæringar, fordi dei tar heile landet i bruk”, seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk.” Saman har vi mykje å by på, for det vi sel er opplevingar i rein natur, eit kulturlandskap haldei hevd, lokal mat og mattradisjonar, kulturminne og norsk kulturarv pluss aktivitetar til lands og til vanns”, seier Brekk.

Dette er eit godt uttrykk for HANENmedlemmane sitt produkt.

 

For spørsmål og nærare informasjon kontakt Oddvar Haugland post@hauglandgard.no i ”Hanen-Rogaland”, tlf 51764762, mob. 97090183, eller

Bjørn S. Berg bsb@fmro.no, fylkesmannens landbruksavdeling, tlf 51568993, mob. 90562906.

 

Tilbake