Publisert: 11.02.08
NBG Vestlandet - som dekker fylkene Hordaland og Sogn og Fjordane - hadde lagt sitt årsmøte 8. februar til Øystese. Dette var i samband med innhaldsrike fagdagar som var eit samarbeid med Kompetansenavet på Vestlandet.
NBG Vestlandet har dei siste åra vakse seg opp til å bli eit regionlag på kring 200 medlemer. Samstundes betyr det at medlemsmassen har forventningar. Det siste året har vore prega av liten ressurstilgang utan nokon tilsette, men eit hardtarbeidande styre. Gode diskusjonar på årsmøtet gav grunnlag for ein ny giv der medlemsmassen må haldast oppe og helst aukast for å nå nye og klare mål for vidare satsing. Det var også gjennomført dialogmøte med fylkesmennene sine landbruksavdelingar i dei to fylka. Fylkesmennene utfordra regionlaget til å bli endå tydlegare på måla framover, noko som regionlaget heilt klart vil gjera. Samstundes var det eit ynskje frå regionlaget om at fylkesmennene og dei andre regionale forvaltningsnivåa vert med på den vidare bygdeturisme- og gardsmatsatsinga gjennom det bransje- og marknadsarbeidet som NBG Vestlandet er godt i gang med.
På årsmøte i Øystese vart Jan Tjosås frå Norheimsund og Ingebjørg Strand Heiberg frå Kaupanger vald inn som nye styremedlemer, medan Marianne Bugge og Trond Henrik Eplet begge frå Luster kommune og Aud Slettehaug frå Naustdal held fram i styret. Som varamedlemer held Knut Haugo frå Voss fram, medan An Rimslag frå Tørvikbygd i Kvam Herad kom inn som nytt varamedlem.
Tekst og foto: Roar Werner Vangsnes

Styret i NBG Vestlandet etter årsmøtet 8. februar 2008. Fra venstre Ingebjørg Strand Heiberg, Jan Tjosås, Marianne Bugge og Aud Slettehaug. Trond Henrik Eplet var ikke til stede da bildet ble tatt.