Publisert: 01.11.07
Anna kvart år organiserer Norsk Bygdeturisme og Gardsmat (NBG) ein studietur for medlemene til utlandet. Ein delegasjon på 46 personar nytta sjansen til å vera med turen. Denne gongen gjekk turen til Italia med provinsane Toscana og Umbria som reisemål.
Skrevet av: Roar Werner Vangsnes:
Frå matkurs via olivenolje- og vinproduksjon til foredling av lokalt kjøt og overnatting på ”agriturismo” I samarbeid med Innovasjon Noreg i Milano hadde NBG tilrettelagt ein studietur til dei to provinsane Toscana og Umbria. På programmet fekk deltakarane servert ein svært variert meny. Eit viktig poeng for guiden frå Innovasjon Noreg, var å syne heilskapen i den verdikjeda alle produkta har både for det landbruket og det reiselivet desse områda.
Stolte over sine lokale produkt Det er ingen tvil om at landbruket har stor betyding for den store auken i turismen som har skjedd i desse områda dei siste åra. Vinmarkane, olivenlundene og alle dei gode fruktene og grønsakene er sjølve livsnerven i turismen i Toscana fortel Frederica Sani som er dagleg leiar for Promo Siena. Kulturskattane og den spennande historia til området har alltid hatt betyding. Det italienske kjøken står sterkt både heime og ute. Vi er stolte av å syne fram dette for heile verda. I tillegg til sjølve produksjonen av ulike produkt, har det frå slutten 80-talet og framover til i dag dukka opp mange ”agriturismo” som er med å gi gjestene det mange vil ha når dei kjem til Toscana.
Nettverksbygging på fleire områder. Frå Bygstad i Sogn og Fjordane stilte ein delegasjon på 7 personar. Steinar Sørli som prosjektleiar for ”Prosjekt Vikingfjorden” i Bygstad, er svært glad for å kunne få med seg ein så stor delegasjon. Ved å kople oss til NBG har vi fått utbytte på fleire område, og ikkje minst kunne ta ein tur utanlands der vi også møter mange likesinna frå andre deler av landet, seier han. Her deler vi erfaringar på same tid som vi får med oss kunnskap og inspirasjon frå andre deler av Europa.
Anders Fitje frå Høgskulen i Sogn og Fjordane var også glad for kunne vere med NBG på tur. I Sogn og Fjordane har dei starta opp eit høgskulekurs i bygdeturisme i nært samarbeid med NBG og Fylkesmannen. Eg fekk også tid til ein avstikkar til Firenze, fortel han, og har fått nye kontaktar som vi kan nytta til m.a. ein tur for våre studentar allereie i 2008.
Styreleiar Tove Raastad Breien er svært glade for den store oppslutninga og det flotte engasjementet ho opplevde desse dagane i Italia. Dette viser at det er stor interesse for å koma saman på tur. Og når vi også kan knyte kontakten til Innovasjon Noreg sine utekontor på denne måten vi gjorde i år, er dette med på å gi gode synergiar for framtida. Ho merkar seg også den store interessa frå lokale styremakter og produsentar som vi møtte på vår veg. Dei stilte opp overalt der delegasjonen kom innom.
NBG-delegasjonen samla på torget i Torgiano i Umbria:

Foto: Ole Jonny Trangsrud
Odd Ohnstad kastar seg inn i det italienske kjøken med heimelaga spagetti saman med Lella på hennar demonstrasjonskjøken i Siena:
Foto: Roar Werner Vangsnes.
På middag hjå vinprodusenten Lungarotti i Torgiano:

Ein god smak av søte vindruer på balkongen gir ein god start på dagen på gardsturismebedriften ”Poggio alle Vigne” i Torgiano i Umbria:

Foto: Roar Werner Vangsnes.