Publisert: 05.10.07
På den årlege IT-konferansen i Sogn og Fjordane var reiseliv tema. NBG-Vestlandet hadde fått ansvar for å tilrettelegga seminardelen, og rundt 35 deltakarar var med på parallellsesjonen.
Stort spekter og NBG-medlemmane var med
Det vart stilt spørsmålet; 1 million fleire turistar til Noreg - korleis få tak i dei? Med World Wide Web kan ein nå heile verda sjølv med små budsjett, men kor flinke er dei store og små reiselivsverksemdene til å ta i bruk ny teknologi? Aud Slettehaug tok oss med på ei virtuell reise gjennom fylket der mange bedrifter vart presentert og der ho på ein god måte fekk synleggjort dei store utfordringane små verksemder har når dei skal bruka Internett i marknadsføringa.
Peder Kjærvik ved Breheimsenteret i Jostedalen fokuserte på si heimesnekra Internettside, som ein viktig møteplass for alle dei opplevingsbedriftene som etter kvart er kome til i Jostedalen, og ikkje minst linken til viktige sider som m.a. www.nbg-nett.no på den eine sida og www.visitfjordnorway.com på den andre sida.
Kari-Ann Karspersen Wemby, Vollsnes Feriehus i Stryn fortalte om erfaringar med online-booking som reisemål Stryn/Nordfjord er tidleg på bana med. I tillegg å driva hytteutleige arbeider ho som bookingansvarleg i destinasjonsselskapet, og ser at fleire av bygdeturismebedriftene er godt nøgde så langt.
Hjalmar Dispen frå Stryn fortalte om deira erfaringar gjennom dei 10 siste åra der dei har gått frå sal på tradisjonelt vis via hyttebyrå til å styre eige sal via nettet. Det er framleis ein veg å gå, men ved å ta grep sjølv har det gitt auka inntening og opna opp fleire marknader som kjem NBG-Vestlandet fekk markert at dei små verksemdene som driv med bygdeturisme og gardsmat har ein viktig plass i det klare målet om å få fleire turistar til regionen. Alle foredragshaldarar på den store konferansen med over 250 deltakarar fekk med seg eit spennande innhald frå bondens marknad. Betre presang går det vel neppe an å få !
Av: Roar Werner Vangsnes.

Foto: Roar Werner Vangsnes