Høgskulekurset i bygdeturisme er i gang igjen

Publisert: 06.09.07

28 - 29. august 2007 vart den første undervisningsblokka i bygdeturisme gjennomført ved høgskulen i Sogn og Fjordane. Kurset er eit samarbeid mellom Høgskulen i Sogn og Fjordane, Norsk Bygdeturisme og Gardsmat og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, og det er andre gongen det vert prøvd ut.

 

Høgskulekurs i bygdeturisme i gang 

 

Blokkundervisning

 

Det nye i haust er kurset er delt opp 5 blokker. Dette gjer at vi får til ein mykje meir konsentrert undervisning. Samstundes vil dette kunne tilpassast folk i næringa og andre som til dagen ikkje er ordinære studentar på høgskulen. I haust har vi endå ingen av desse, men derimot mange ivrige studentar som ser fram til ein haust med bygdeturisme på agendaen.

 

Målet er å kunne tilby dette kurset for næringa, og då med undervisning på bygdeturismeanlegg.  

 

Spennande kurshaldarar

 

I tillegg til kursleiar som er Roar Werner Vangsnes, har ein trekt inn mange spennande kurshaldarar. Ei av målsetjingane er å få studentane tettare kopla mot praktikarane, og på den måten få til nettverkskoplingar når dei er klar i arbeidslivet. Ein del av gjesteførelesarane kjem til Sogndal, medan studentane også får møte bedrifter når dei er på studiebesøk. Studentane avsluttar kurset med eksamen i slutten av november 2007.

HSF - Bygdeturismekurste-Hogskulen i Sogn og Fjordane-03-320.jpg

HSF - Bygdeturismekurste-Hogskulen i Sogn og Fjordane-01-320.jpg

HSF - Bygdeturismekurste-Hogskulen i Sogn og Fjordane-02-320.jpg

HSF - Bygdeturismekurste-Hogskulen i Sogn og Fjordane-04-320.jpg

Foto: Ole Jonny Trangsrud

 

 

 

Tilbake