Fullt Sal- og servicekurs på Voss med innlagt smalahove

Publisert: 15.11.07

Den siste samlinga i NBG sin kursserie innan sal- og kundeservice i denne omgang gjekk av stabelen på Voss 12. og 13. november med ivrige NBG-medlemmer frå både Sogn og Fjordane og Hordaland.

Av: Roar Werner Vangsnes Kompetanseansvarleg i NBG

Målet på kurset er å gi kunnskap og inspirasjon til å vera meir bevisst på service og kundebehandlinga som til dagen er ”omgitt oss med” når ein arbeider i ein servicebedrift. Og som på dei andre kursa vart mesteparten av dag 2 via til salstrening. Deltakarane viste iver og glede både i rollespela og i det å tileigna seg ny kunnskap. Nok ein gong fekk vi bekrefta gjennom evalueringsskjema at kurs hadde treft godt for dei som var med.

 

Kurset var lagt til Voss Vandrarheim og Finnegarden som er medlemer i NBG. Knut Finne orienterte om både vandrarheimen og om Finnegarden som har funne si nisje som distributør av økologiske matprodukt.

 

Kveldsøkta tok vi hjå eit anna NBG-medlem – Smalahovetunet med Ivar Løne som den fødde vert. Det vart ein flott kveld med mat og kultur av beste sort på vinterkald novemberdag. På Smalahovetunet fekk vi også ei orientering om Vossameny v/ Guri Våge som i dag er tilsett som prosjektleiar. Ho var tidlegare prosjektmedarbeidar for NBG-Vestlandet og la grunnlaget for det som i dag er blitt den regionale guiden.

 

Kva skjer vidare ?

 

Sidan februar 2006 har NBG køyrt omlag 150 deltakarar gjennom kursserien som vi har i samarbeid med Hans Egil Gjerde i Peliargo. No vil vi melde attende til kompetanseutviklingsprogrammet i landbruket og Innovasjon Noreg som har vore med i samarbeidet om å få gjennomført kursa. Med bakgrunn i dei evalueringane vi har fått og den interessa som er vist, håpar vi å kunne halde fram med dette arbeidet også i framtida.

Alle samla til godt sals- og servicearbeid på Voss Vandrarheim (Foto: Roar Werner Vangsnes):

 NBG-vestlandet-nov-07-kurs-deltakarane-800.jpg

 

 

Fv. Erling Brandseth, Alf Helge Søyland, Linda Furre Lunde, Randi Engelsen Eide, Harald Engebø, Olaug Fagerbakke, Asbjørn Børsheim, Aud Slettehaug, Leif Inge Underdal, Heidi Steinstø Helgheim, hans Uglenes, Gro Tveit Uglenes, Elisbeth Holth, Steinar Een, Marit Een og Ingrid Gillesøy

Ivar er klar med smalahove

Ivar-serverer-smalahove-nov-07-800.jpg

....og då vart det skåling i små glas og eit skikkeleg godt måltid (Alle foto: Roar Werner Vangsnes)

NBG-vestlandet-nov-07-smalahoveeting-800.jpg

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tilbake