Publisert: 08.08.08
Hytteutleigesesongen teiknar til å bli om lag 10 % betre enn i fjor. Dei spennande og unike opplevingane ser ut til å få endå betre fotfeste og sal av lokale gardsmatprodukt går unna som ”varme hvetebrød” i Sogn og Fjordane og Hordaland. Tilbakemeldingane kjem frå 70 bygdeturismetilbydarar i nettverket NBG-Vestlandet som er regionlaget i dei to fylka.
Av: Roar Werner Vangsnes, Rådgjevar i Bygdeturisme
Variasjonar på utleigesida
Nokre kan melda om ein dårlegare start på sesongen. Andre seier dei må ha meir ”is i magen” enn før, då fleire tingar overnattingane seinare enn før. Fleire og fleire hytteutleigarar organiserer mykje meir av sitt eige sal. Dette kan bety ein liten nedgang i tal veker, men ein auka inntening då heile inntekta går til turistverten. Dette har Else og Hjalmar Dispen frå Røberg Feriehus og Hytter i Stryn erfart tidlegare. I år melder dei om litt nedgang i tal gjestedøger i mai månad, medan dei har hatt fulle ordrebøker på dei 5 utleigeobjekta både for juni, juli og august. Hausten ser også lovande ut. Styreleiaren i NBG-Vestlandet, Jan Tjosås, Kvam Herad kan melda om den same positive utviklinga, og seier elles at for dei så er det fleire og fleire som har kortare opphald enn tidlegare.
Inge Menes frå Balestrand som både er hyttutleigar og formildar feriehus for selskapet Interchalet, kan melde om ei auke på over 10 % for selskapet så langt i år. Dei har for få utleigeobjekt i høgsesongen. Han meiner det er naudsynt at bedriftene også tek tak i eige sal, men prøver å sjå det gode samspelet som han kan få til mellom hyttevert og byrå når det gjeld å fylle så mange veker som mogeleg. Beliggenheit i høve til sjø og fjord har stor betyding for dei som tingar gjennom Interchalet, seier Menes.
Lokale produkt er populære
Gardsmatprodusentar som ofte sel mest av produkta sine på andre tider av året, merkar også at varene går unna i sommarvarmen. Dette gjeld både til turistar, og at fleire og fleire kollegaer i hotellbransjen nyttar våre produkt. Dette fortel Bjørn Nygård i Kandalen i Gloppen. Dette kan vera eit signal om lokale matprodukt blir meir populært og han håpar dette vil forsterke seg. Dei lokale delikatessene innan jordbær, bringebær og moreller er svært populære. Turid Måge v/ Måge Gardsbutikk i Ullensvang får stadig nye kundar og seier at det gode fjoråret ser ut til å bli endå betre i år. Folk er ikkje så oppteken av pris lenger, og spesielt når dei får tak i gode lokale råvarer. Odd John og Britt Bugge på Urnes Gard i Luster, melder om ein auke på 10 % når ein ser gardsutsal, kafedrifta og overnattinga under eitt. I tillegg er hjortefarmen på garden kome med som nytt og spennande tilbod både for turistar og andre som kjem innom på garden. Vi trur difor på eit nytt rekordår.

Bildet: Turistar er innom og helsar på hjortane på Urnes Gard. Her passar sjefshjorten på.
Foto: Roar Werner Vangsnes